Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar
Sk Viggo 5-0 Sk Trane
Pause: 2-0
Dato: 18.mars 2013
Bane Viggo Stadion
Dommer  
   
 
 
 
Lagoppstilling
  Morten  
Sjur Ove Sondre Petter
  Ørjan Stian
Marcin Roger Daniel T
  Martin  
 
Innbyttere:
Olav
Marius
Kristian
Christopher
Eirik
David
1-0 20 min Daniel T.  
2-0 35 min Petter  
3-0 60 min Martin  
4-0 70 min Eirik  
5-0 75 min Kristian  

Kamp referat:
 

Treningskamp mot 5.divisjonslaget Trane på Viggo Stadion, og Viggo stilte ein sterk tropp som talte 17 mann. Trane starta kampen best og dei første minutta skapar dei nokon store sjansar, men Morten ryddar opp i stor stil. Viggo justerer presshøgda litt og frå 10 minutt og ut omgangen styrer Viggo det meste som skjer. Vi trillar ballen fint, skapar sjansar og har god kontroll bakover. Første målet kjem etter ein corner der Ørjan og Daniel kombinerer fint og Daniel setter inn 1-0.

2-0 kjem etter hard jobbing frå Petter som resulterer i at han kjempar ballen i mål. I tillegg til dette har Viggo 2 skudd i stengene før pause, så leiinga kunne vore større til pause.

Andre omgang startar slik første omgang sluttar med klart overtak til Viggo. 3-0 kjem etter eit frispark frå Marius, som keeper gir retur på og Martin er kjappast framme på. 4-0 kjem etter flott spel der Eirik dempar på brystet og dunkar ballen i mål. 5-0 er det Kristian som setter inn etter flott spel på høgrekanten.

Årets beste kamp av Viggo og vi rundspelar til tider 5.divisjonslaget Trane. Ser vi vekk frå dei første minutta har vi god kontroll på alt som skjer.

  

 

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com