Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar
Sk Viggo 6-2 Fk Tempo
Pause: 1-1
Dato: 9.mars 2013
Bane Viggo Stadion
Dommer  
Forfatter Stian Vik Birkestrand
 
 
 
Lagoppstilling
  Marcin  
Sjur Sondre Petter Anders M.
  Ørjan Stian  
Daniel N Daniel T Eirik
  Martin  
 
Innbyttere:
Christopher
Kristian
Olav
 
 
1-0   Martin  
1-1      
1-2      
2-2    Eirik  
3-2   Ørjan  
4-2   Martin  
5-2   Martin  
6-2   Martin  

Kamp referat:
Flotte forhold på Viggo Stadion denne lørdags formiddagen då SK Viggo, tradisjonen tro, tar imot Tempo til vennskapelig dyst. Ein del forfall til denne kampen og. Ove og Marius mangler frå forrige kamp mot Nordnes i tillegg til at begge keeperene våre hadde meldt forfall. Det blei heller ingen brødreduell då Roger ikkje kunne vere med mot broder Børge. Keeperansvaret faller i første omgang på Marcin.

I starten av kampen er det stillingskrig uten at nokon av lagene kjem til dei store sjansene. Viggo tar meir og meir over og kjem inn i ein god periode der dei skaper ein del halvsjanser. 1-0 kjem etter klønete forsvarsspel av Tempo og bra jobbing av Martin. Ein ball blir slått inn i Tempo sin 16-meter der keeperen til Tempo og ein forsvarsspeler ødelegger for kvarandre. Martin kjem seirende ut av duellen og kan enkelt sette ballen i det tomme målet. Viggo mister litt av initiativet mot slutten av omgangen og Tempo er farlig frampå. På eit unødvendig hjørnespark er Viggo tafatte innanfor eigen 5-meter og ballen blir pirka i mål av ein Tempospeler. 1-1 står seg til pause og trenar Tor-Eivind Karlsen er ikkje fornøyd med balltempoet til Viggo.  

Det virkar ikkje som om pausepraten hjalp for etter berre eit par minutter ut i andre omgang får Tempo gjere som dei vil på venstresida og det står 1-2. Det kan virke som om Viggo skjønner alvoret etter dette for resten av kampen er stort sett einvegskjøring mot Tempo. 4 minutter etter at Tempo tar leiinga utliknar Viggo på vakkert vis. Daniel drar ballen med seg inn sentralt før han chipper ein fin pasning ut til venstre mot Ørjan. Ørjan legger ein fin volleypasning til Eirik som sett ballen i mål med eit kontant hodestøt. Ikkje mange minuttene etter dette gjer Ørjan alt sjøl då han danser seg forbi ein 3-4 Tempospelere og skyt ballen kontant i mål. Viggo gjer nokre bytter og Olav, Kristian og Christopher kjem inn mens Stian bytter plass med Marcin og går i mål.  

Viggo auker leiinga ved Martin sitt andre mål. Viggo styrer no kampen fullstendig og Tempo kjem omtrent ikkje til sjanser. Det lille dei får til rydder keeper Stian mesterlig opp i. Martin tar over showet offensivt og skårer to flotte mål til og dermed blir sluttresultatet 6-2. Alt i alt ein bra gjennomført kamp av Viggo der ein får til meir spel langs bakken enn tidligere i år. Det manglar litt på konsentrasjonen bakover og begge baklengsmåla burde vore unngått. Men ein måned før seriestart byrjar endelig Viggo å likne på seg sjølv igjen.

 

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com