Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbinfo Gjestebok Linker
Arna-Bjørnar2 2-3 Sk Viggo
 
Pause: 1-0
Dato: 4.april 2013
Bane Garnes Kunstgras
Dommer  
   
 
 
 
Lagoppstilling
  Morten  
Sjur Olav Ove Daniel N.
  Andreas
Kristian Stian Marius Daniel T.
  Roger  
 
Innbyttere:
Anders M.
 
 
 
 
 
1-0 10 min    
1-1 50 min Daniel T.  
1-2 60 min Daniel T.  
2-2 70 min    
2-3 75 min Kristian  

Kamp referat:
Strålande kampforhold møtte oss på Garnes kunstgraset i Arna. Litt liten tropp til kampen med berre 1 innbyttar, men vi stiller likevel eit sterkt lag. Kampen startar med eit overtak til Arna-Bjørnar 2, og i starten trillar dei mykje ball. Etter om lag 10 minutt klarar vi ikkje å få avklart skikkeleg og vi kjem oss ikkje ut av forsvaret. Arna-Bjørnar spelar ein ball i bakrommet som blir heada i mål til 1-0 leiing. Etter kvart kjem Viggo seg meir inn i kampen, men Arna-Bjørnar har mest ball i første omgang og skapar nokon farlege sjansar på langpasningar i bakrommet, men Morten ryddar opp i resten som kjem. Vi skapar nokon gode overgangar, men slit med å finne folk rett framfor mål som kan få ballen i mål.

Andre omgang startar med overtak til Viggo og det tek ikkje mange minutta før Daniel T. bryt ei pasning på tvers og drillar av eit par mann før han setter ballen i mål til 1-1. Viggo held oppe trykket og styrer det meste som skjer. Eit frispark frå Olav treff Stian som stussar Daniel T. igjen mot keeper og dermed står det 1-2. Arna-Bjørnar skapar lite i 2.omgang, men på ein av veldig få sjansar dei skapar spelar dei seg igjennom forsvaret og setter inn 2-2. Vi held oppe trykket og ei strøken langpasning frå Stian finn Kristian som rundar keeper og setter inn 2-3. Mot slutten er det mange trøtte bein, men vi held Arna-Bjørnar unna og styrer inn ein 2-3 seier.

Ein bra førsteomgang, og ein veldig god andre omgang gjer at vi vinn den siste kampen før seriestart.

 

  

 

Copyright 2011 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com