Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

SK Viggo

4-3

Fk Tempo

 
Pause: 2-1
Dato: 19.mars 2011
Bane Paradis Kunstgras
Dommer ?
 
 
Lagoppstilling
  David  
Sjur Sondre Martin P Anders
Marcin Stian Kurt Eirik
  Olle Ørjan  
 
Innbyttere:
Roger
Olav
Lemmo
Daniel P
 
1-0 14 min Ørjan  
2-0 34 min Ørjan  
2-1 42 min    
3-1 47 min Roger  
3-2 70 min Assist Børge  
3-3 75 min    
4-3 87 min Olle  

Kamp referat:
Flotte forhold for fin fotball på den strålande bana på Paradis. Viggo tar initiativet i kampen ganske tidleg og det flyter fint i starten. Etter 12 minutt blir Anders sparka ned bakfrå og Tempo sin back får kampens første gule kort.
Etter 14 minutt vender Ørjan fint opp rett utanfor 16 meteren og skyter ballen i lengste hjørnet til 1-0 ledelse for Viggo. 5 minutter seinare spelar Kurt ein langpasning til Eirik som kjem aleine med keeper. Avslutninga smeller i tverrliggaren og Viggo er veldig nær ein 2-0 ledelse. Viggo skapar ein del i denne delen kampen og vi Marcin har ein god corner som Sjur kjem til avslutning på, men den går rett utanfor. Anders får og sjansen på eit par farlige frispark frå høgrekanten etter taklingar av Marcin og Olle. Den siste førte til eit gult kort til Tempo. Frisparka går rett utanfor mål, men Viggo nærmar seg. Etter omlag ein halvtime kjem første sjansen til Tempo, eit innlegg frå høgrekanten går igjennom heile feltet utan at nokon treff skikkelig på ballen.
Etter 35 minutt fører Sjur ballen ut av forsvar og sler ein lang ball i bakrommet til Ørjan som rundar keeper og setter ballen i lengste hjørne til 2-0 ledelse.
Etter 42 minu kjem Tempo igjen til innlegg, denne gangen frå venstre kanten og på lengste stolpe headar ein Tempo spelar inn reduseringa 2-1.
Rett før pause får Sjur gult kort etter ei takling bakfrå. På det påfølgande frisparket smeller Tempo ballen i stolpen og er veldig nær utlikning før pause.
I pausa kjem Roger, Lemmo og Olav inn for Viggo og tidlegare Viggo spelar Børge Nordal kjem inn for Tempo. Roger brukar berre 2 minutter på å vise storebror korleis ein skal putte mål når han spring frå forsvaret og setter ballen sikkert i mål til 3-1.
Viggo forsetter å skape sjansar og Olle har eit kanonskot som keeper sler til corner. Marcin skapar og mykje på høgrekanten og kjem til fleire farlige innlegg inn i feltet. Tempo hevar seg utover omgangen og etter 70 minutter viser Børge at han forsatt kan, når han elegant vender på midten og trer igjennom ei fantastisk pasning til spissen til Tempo som setter ballen sikkert i mål bak David. Fem minutter seinare køyrer Tempo igjen ein ny overgang og eit strålande angrep endar med at Tempo utlignar til 3-3.
Siste 10 minutta står kampen og balanserer, og begge lag har sjansar til å avgjere. 2 minutt før slutt får Viggo corner og den dunkar Olle opp i nett-taket til 4-3 ledelse til Viggo. Viggo held ledelsen resten av kampen og sikrar seg 4-3 seier.

 
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com