Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar
SK Mann 0-3 SK Viggo
Pause: 0-0
Dato: 4.april  2011
Bane Nymark Kunstgras
Dommer  
 
 
Lagoppstilling
  Morten  
Sjur Martin Sondre Anders
Olav Stian Kurt Eirik
  Marcin Ørjan  
 
Innbyttere:
David
Roger
Andreas
Daniel
 
0-1 75 min Olav  
0-2 78 min Ørjan  
0-3 83 min Marcin  

Kamp referat:
Treningskamp mot Nymark nabo Sk Mann på ein mandagskveld. Kampen startar med Viggo initiativ og Kurt og Anders har eit par farlige avslutningar frå distanse utan å få tellande resultat. Etter 15 minutter kjem Ørjan seg rundt på kanten og sler eit farleg innlegg som Eirik stussar like utanfor stolpen.
Etter 20 minutter blir det høgare temperatur i kampen, når ein Mann spelar grisetaklar Stian midt på bana. Dommaren viser fram eit soleklart gult kort. Få minutter etterpå er same spelar veldig seint ute i ei takling på Sjur og han får sitt andre gule kort og dermed rødt. Mann hevar seg etter å ha blitt reduserte til 10 mann og Morten må vise fram eit par klasseredningar i midten av førsteomgang.
Viggo har og nokon sjansar utover omgangen, etter 30 minutter kombinerer Ørjan og Marcin fint og Ørjan får til ei avslutning som går via ein forsvarar til corner. Etter 35 minutter sler Anders ein flott corner som Ørjan stussar like utanfor stolpen. 5 minutter før pause viser Kurt og Marcin flott veggspel og Marcin kjem til ei farlig avslutning, men stillinga er 0-0.
I pausen setter Mann inn ein ny spelar slik at det i 2.omgang er 11 mot 11. Viggo viser seg frå eit betre side i 2.omgang og vi presser Mann langt på bak på bana. Temperaturen på bana er tildels veldig høg og dommaren må fleire ganger be spelarane om å roe seg ned. Etter 70 minutter dunkar Marcin til frå 20 meter og ballen treff stolpen. Dette startar ein skikkeleg spurt av Viggo, og få minutt etterpå har Viggo ei mønsterkontring som endar med at Eirik kjem aleine med keeper, men ballen går rett over tverrliggaren. 2 minutter etterpå sler Marcin ein flott corner som Olav på heil volley dunkar ballen i nettet til 1-0 ledelse for Viggo. 3 minutt gjer keeper til Mann ein stor tabbe og Ørjan er på plass og setter inn 2-0. Sluttspurten blir avslutta 5 minutter før slutt når Ørjan stussar ein lang ball elegant vidare til Marcin som på 1 touch vippar ballen over keeper og til 3-0 ledelse.
Vi held ledelsen ut kampen og tar ein fortent seier.

 
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com