Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

 

Lyngbø 2 - Sk Viggo  3-1  (2-1)

 


Torsdag 20.mai 2010 20:00, Lyngbø Idrettspark

Dommer: Marius Kristiansen, Laksevåg TIL

Lagoppstilling:
Trond;
Kent-Ove; Ove; Andreas; Anders;
Marcin; Kurt; Olav; Eirik;
Roger; Martin B
 

Innbyttere:
Marius E;
Marius N;
Bobbie;

Kampfakta:
Vi følte oss klare for å forsette den gode sesongstarten på Lyngbø sitt kunstgras i Gravdal. Vi får oss raskt ein overraskelse då Lyngbø 2 startar forrykande med kjappe overgangar og flott angrepsspel. Før det har gått eit minutt puttar Lyngbø sitt første for dagen etter ein flott soloprestasjonen av venstrekanten til Lyngbø. Viggo er litt passive dei første minutta og vi blir fullstendig overkøyrt dei første 10-15 minutta. Fem minutter seinare kjem mål nummer 2 med eit eit skot i lengste hjørnet. Etter eit kvarters tid kjem Viggo meir inn i kampen og vi startar å spele vårt eige spel, samtidig som vi er flinkare til å hindre Lyngbø sitt spele. Vi kjem til nokon halvsjansar, men får ikkje uttelling før Kurt og Olav spelar fint fri Anders på kanten av 16-meteren. Anders dunkar ballen flott i lengste hjørna til redusering 2-1, og setter inn sitt andre flotte mål på to kampar. Vi har eit par store sjansar på slutten av første omgang, men vi klarar ikkje
 å utligne før pause.
Etter pause står kampen å vippar i lange periodar, men vi klarar ikkje å spele oss til dei heilt store sjansane og det er heile tida Lyngbø som skapar størst målsjansar. Etter 85 minutter får dei eit frispark frå omlag 20 meter som dei skrur over muren og inn i målet til 3-1. Kampen er då i realiteten avgjort, men Lyngbø klar mot slutten å få utvist ein spelar, men Viggo klarar ikkje å utnytte dette og går på sesongens første tap.

Ein kamp der vi får litt bakoversveis i første kvarteret, men vi deretter spelar ganske jamt mot eit veldig godt Lyngbø 2 lag. Dersom dei har denne troppen i alle kampane denne sesongen blir dei ikkje enkle å slå. Viggo må likevel sjå på det positive at vi prøvar å kjempe oss tilbake i kampen og med litt flaks kunne hatt ein uavgjort.

Mål:
1-0 - 1 min
2-0 - 5 min
2-1 - 30 min - Anders
3-1 - 85 min

 

Terminliste 2010
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com