Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Harding/Odda 2 - Sk Viggo 2-1 (1-1)

>

Lagoppstilling:
Trond;

Thomas; Ove; Martin P; Anders;

Marcin; Kurt; Olav; Eirik;

Ørjan; Martin B;

Innbyttere:  
Tim;
Victor;

Mål:
0-1 - 5 min - Ove
1-1 - 10 min
2-1 - 15 min
 

Trass i den litt varierande oppladninga til kampen startar vi veldig bra. Vi setter Harding under press med ein gang og får tidleg ein corner. Anders sler ein heilt fantastisk corner inn på første stolpe som Ove headar inn i lengste hjørnet til 1-0 ledelse. Etter målet forsetter vi å holde opp presset og vi kjem til fleire store sjansar i starten av kampen. Harding kjempar seg inn i kampen igjen og dei får utligninga si etter ein rask overgang der Viggo ikkje heilt henger med. Harding held oppe presset og får nokon farlige cornarar og på ein av desse puttar dei enda eit mål. Etter dette blir det ein jamnspelt siste halvdel av 1.omgang. Begge laga prøvar å skape sjansar men ingen av dei kjem til dei store sjansane.
I pausen er vi einige om at vi kan vinne denne kampen og vi går tøft ut for å få oss ei utligning. Vi skapar ein del sjansar i løpet av 2.omgang, men det er liksom ikkje dagen og sjølv når Harding handsar innanfor 16-meteren får vi ingenting. Vi styrer mesteparten av spelet i 2.omgang og Harding er kun farlige på enkelte overgangar. Men vi klarer ikkje å få ballen i mål slik at kampen endar med 2-1 tap. Dermed tapar vi begge kampane i kvaliken med 2-1 slik at det er heilt likt mellom Bjørn West og Harding før finalen som blir spelt på Ostereide førstkommande søndag.
Sjekk Hardanger Folkeblad sin sak om kampen.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com