Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo - Tornado Bergen 1-4 (0-1)

>

Lagoppstilling:
Roger;

Jon Ole; Ove; Andreas; Anders;

Frode; Stian; Martin P; Tim;

Martin; Ørjan;

Innbyttere:  
Kent-Ove;
Kurt;
Helge;


Mål:
0-1 - 1 min
0-2 - 48 min
0-3 - 55 min
0-4 - 65 min
1-4 - 80 min - Kurt
 

Før kampen var det klart at Roger måtte debutere som keeper for Viggo etter at David var travelt opptatt med å vere far og Trond ikkje var komt seg heilt over C-momenta han prøvde på i trappa tidlegare i veka. I tillegg mangla toppscorar Eirik, men det var likevel eit godt Viggo lag som var klare til å møte Tornado. Kampen  starta med avspark til Viggo, men det var likevel Tornado som kom best i gang. Før det var gått 1 minutt måtte Roger plukke ballen ut av målet og vi har fått verst tenkelig start på kampen. Tornado forsetter å presse og dei første 10 minutta er det einvegskøyring på Nymark. Etterkvart tar Viggo meir tak i det og utover omgangen spelar vi oss kraftig opp og har bra kontroll på det som skjer. Vi kjem til nokon få sjansar men klarar ikkje å putte ballen i mål.
I pausen er vi bestemte på å heve oss enda eit hakk og klare å få med oss poeng frå kampen. Slik skal det ikkje gå og Tornado går rett i angrep og puttar etter 3 minutter til 2-0. I løpet av dei neste 20 minutta puttar Tornado 2 gangar til slik at stilllinga er 4-0. Tornado spelar fin fotball i denne perioden og Viggo henger ikkje med. Mot slutten hevar Viggo seg litt igjen og Kurt scorar sitt første mål for Viggo når han vender vekk 3 Tornado spelarar og dunkar ballen i mål. Mot slutten kunne Viggo fått enda eit par reduseringar, men alt i alt taper vi vår første kamp for sesongen vel fortent etter å blitt utspelt av eit godt lag i periodar av kampen.
Tornado sitt referat kan lesast her.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com