Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo - Øygard 2  3-2 (2-1)

>

Lagoppstilling:
Trond;

Jon-Ole; Ove; Andreas; Anders

Frode; Stian; Eirik; Tim;

Ørjan; Martin;

Innbyttere:  
Roger;

Mål:
1-0 - 7 min - Eirik
1-1 - 8 min
2-1 - 41 min - Eirik
3-1 - 48 min - Ørjan
3-2 - 65 min
 

Ny heimekamp på Nymark graset og Viggo starta kampen veldig bra med god innsats og fine kombinasjonar framover på bana. Tar ikkje meir enn 7 minutter før Eirik forsetter trenden med å score mål i kvar kamp. Flott Viggo angrep som blir avslutta av Eirik på første stolpe. Etter målet går Øygard rett i angrep og det tar ikkje meir enn 1 minutt før dei får utligningsmålet etter fleire tapte duellar inne i Viggo feltet. Utover 1.omgang tar Øygard meir og meir over i kampen, og i periodar i 1.omgang blir Viggo rett og slett rundspelte. Vi pressar for dårlig i duellane og blir springane altfor mykje imellom. I tillegg gjer vi ting for vanskelig og sliter med å komme oss ut av eigen banehalvdel. I denne perioden er vi heldig som ikkje kjem under.
Mot slutten av omgangen reiser vi oss igjen og begynner å la ballen gå i laget. Vi kjem oss høgare i bana og 5 minutter før pause puttar Eirik sitt andre for dagen. Vi tar dermed pause med ein noko heldig 2-1 ledelse.
2.omgang startar omtrent som første omgang gjorde og vi tar initiativet med ein gang. Og etter tre minutter får vi uttelling igjen etter eit kjemperaid på høgre kanten av Frode og supert innlegg som Ørjan kan putte på bakerste stolpe. Vi forsette å holde opp trykket og vi har fleire sjansar til å putte fleire mål i andre omgang slik at vi punkterer kampen, men vi lukkast ikkje med å putte ballen i mål. Halvveis ut i omgangen er det Øygard som kjem seg fint framover på venstrekanten og spelar seg inn gjennom midten og dunkar ballen heilt oppe i vinkelen til 3-2. Dermed blir det ein spennande avslutning på kampen og mot slutten har Viggo enda nokon sjansar til å avgjere, men Øygard er og veldig nær utligning med eit frispark som går i stolpen og ut heilt på slutten.
Kampen endar med 3-2 og det er eit resultat Viggo har all grunn til å vere nøgde med!
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com