Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo  - Fusa   2-1  (1-1)

>

Lagoppstilling:
David;

Jon, Ove, Knut, Gitle;

Kurt, Kent Ove;

Tim, Stian, Martin;

Eirik

2.omgang:  
David;

Jon, Ove, Knut, Gitle;

Thomas, Dan;

Vidar, Olav, Ole;

Roger

Mål:
1-0 - 20 min - Martin

1-1 - 35 min

2-1 - 85 min - Ove
 

Fin januar dag for fotball på Nymark og 5.divisjonslaget Fusa var motstander. Før kampen har vi som mål å vere betong bakover, altså bunnsolide. Vi har som vanlige mykje folk og det er før kampen bestemt at midtbane og spiss skal byttast i pausa.

1.omgang startar bra og vi har god kontroll på kampen i dei første minutta. Framover på bana har fine kombinasjonar og får til ein del bra spel i første halvdel av første omgang. Vi kjem til nokon sjansar og kunne fort ha tatt ledelsen. Midt i omgangen sler vi ein lang ball inn i feltet og Kurt vinner duellen om ballen og headar igjennom Martin som setter ballen i mål til 1-0 for Viggo.

Midt i omgangen mister vi litt av initiativet i kampen og vi slepper Fusa meir til. Fusa spelar til dels mykje lange ballar som Viggo har god kontroll på, men etter kvart byrjar dei og spele seg gjennom midt og skapar nokon farlige situasjonar med gjennombrotspasningar. Etter ein corner imot får vi ikkje skikkelig klarert og Fusa bryt i ein farlig situasjon og kjem seg rundt på sida og sler eit flott innlegg på bakerste stolpe der ein Fusa spelar stangar ballen i mål til 1-1. 

Resten av omgangen er ganske jamspelt, utan at nokon av laga kjem til dei heilt store sjansane.

I pausen byttar vi store delar av laget og det nesten eit nytt Viggo lag som startar 2.omgang. Omgangen er jamspelt og vi sliter med å få tak på midtbanen like bra som vi hadde i første omgang. Fusa får heller ikkje til  så mykje men er stadig farlige når dei får spelt inn i mellomrommet. Viggo sliter litt med presisjonen framover på banen og dei avgjerande pasningane blir ofte veldig vanskelige. Roger kjem seg fint rundt på høgrekanten ved eit par høve og får slått inn, men utan at vi klarar å sette ballen i mål. Ei gjennomspeling til Roger på høgrekanten fører til at han blir klipt ned av sistemann og det blir dømt straffe og rødt kort til ein Fusa spelar. Ove setter straffa i mål til 2-1 leiing til  Viggo. Etter scoringa styrer Viggo kampen fint og kontrollere inn den andre sigeren for sesongen.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com