Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Ramsøy - Viggo 0-0(0-0)

à

                   
    Morten          
               
                   
    Knut L   Børge          
  Roger       Christian  
             
             
    Bjarte   Martin          
  Knut M       Vidar        
                   
                   
    Bobbo   Marcin          
                   
                   
                   
Kampen blei spelt på ein nystrøken kunstgrasbane med sola inn frå venstre. RVA begynte agresivt med å planta ein alboge i kjeven til Roger. Dette i tillegg til å maula ballen opp mot spiisane til RVA viste seg å vera da einaste dei hadde å by på. Viggo hadde til tider fint spel men sleit med å  koma til dei store sjangsane. Marcin, Vidar og Bobbo hadde alle skudd mot mål men det blei med forsøkene.
Kampen bar preg av tøffe duellar på midten. Viggo kjempa bra og var hakket vassare enn RVA men sleit med uttellinga. I pausen blei Viggo einige i å fortsette der dei slapp i 1.omg. Trua på uttelling i 2.omg var stor då dommaren blåste kampen igang igjen. Viggo hadde det meste av spelet i 2. omgang og sjølv om RVA hadde nokon kontringer og små sjangser. Største sjangsen hadde dei då Knut L heada ein ball bakover (ikkje med vilje) frå eit utspel. den noko ukontrollerte headingen gjorde at Morten måtte ut i full strekk slik at han fekk slått
den til corner. Største sjangsen til Viggo hadde Martin då han skaut i tverrliggaren frå 20 m, eit skot som hadde fortent ein bedre skjebne.

Kampen endar 0 - 0, eit resultat RVA var meir nøgd med enn Viggo. Viggo spelte ein grei kamp, men mangla den eine scoringen dei fortente.

**************************************************************

Minner om at kampen mot Bønes ikkje blei ferdigspelt. Det stod 2-1 til Viggo då det var spelt 74 minutter.

 

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com