Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Viggo - Laksevåg 1-4 (1-2)

à

                   
    Morten          
    Jørn(75)          
              0-1 20 min  
    Knut M   Knut Løne     0-2 30 min  
  Christian       Helge   1-2 43 min Rune
          Tomas N(60)   1-3 70 min  
              1-4 80 min  
    Thomas S   Rune          
  Børge Bobbo(20)   Heidar(10) Bjarte        
                   
                   
    Ove   Marcin          
                   
                   
                   

Ny heimekamp på Krohnsminde og siste kamp før sommarpausen.
Kampen starta jamt utan overtak til nokon av laga. Etterkvart tok Laksevåg litt over og kjempa seg til nokon cornera. På ein av desse fekk Morten ein smell og fingeren ut av ledd og måtte gi seg. Inn kom Jørn og spelte ein bra kamp som keeper.
Etter omlag 20 minutter gir overtaket til Laksevåg resultater og dei får sette inn 1-0. 10 minutter seinare får dei sitt andre for dagen. Etter dette hevar Viggo seg og skaper ein del farligheter framover. Farligast er vi på lange innkast fra Børge, og etter eit av desse kjem der retur ut på 30 meter og der står Rune klar og bankar ballen i mål heilt opp under tverrliggaren. Flott mål av Rune. Vi går dermed til pause med 1-2, og er i pausen fast bestemte på at dette kan vi vinne.
Andre omgang startar med klart overtak til Viggo, og vi pressar Laksevåg langt bak på bana, men klarer ikkje å skape dei heilt store sjansane. Dei få sjansane vi skapar blir utan tellande resultater.
På ei kontring får så Laksevåg enda eit mål og går opp til 3-1. Viggo gir ikkje heilt opp, men flyttar laget høgt og det fører til enda eit baklengs på slutten av kampen. Vi tapar dermed fjerde kampen på rad og går til ferie med kun 8 poeng.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com