Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Viggo - Apollo 2-2 (1-1)

à

                   
    Morten          
               
              0-1 15 min  
    Knut M   Ove     1-1 30 min Vidar
  Harald       Bjarte   2-1 70 min Vidar
              2-2 92 min  
                   
    Knut Løne   Rune          
  Christian       Vidar        
  Christer(25)                
                   
    Børge   Bobbo          
        Christian(10)          
                   
                   
 
Første heimekamp for sesongen under flott forhold på Nymark grusen. Viggo starta med medvind i første omgang utan at vi klarte å utnytte dette i starten av kampen. Apollo startar best og styrer det meste av spelet dei første 20 minutta. Etter omlag eit kvarter får Apollo ballen inn feltet og Viggo klarer ikkje å avklare situasjonen skikkelig og Apollo setter ballen i mål frå i overkant av 20 meter. Etter målet hevar Viggo seg og siste halvdel av første omgang køyrer vi kampen fullstendig. Vi er tette bakover og og skaper mange sjansar framover. Etter halvtimen drar Bobbo av eit par mann og blir lagt ned på omlag 20 meter. Vidar tar fart og setter ballen knallhardt imål. Eit flott frispark som Vidar sjølv uttalte. Før pause har vi og eit par store sjansar til å ta ledelsen, men lykkast ikkje å sette ballen imål.
Andre omgang startar som første omgang slutta med klart overtak til Viggo. Vi spelar enkelt og styrer det meste som skjer på bana. Omlag midtveis i omgangen tar Apollo over initativet i kampen. Viggospelarane blir springande mykje imellomg og Apollo sler meir lange baller opp. Mot spelets gang vinn Svein ein duell på midten og spelar vidare til Knut L som er på eit flott løp oppover venstre. Han spelar ballen gjennom til Vidar som aleine med keeper ikkje gjer noko feil og setter inn ballen til 2-1 ledelse til Viggo. Deretter startar 20 minutter med forsvars jobbing for Viggo. Vi sliter med å få ballen ut av eige felt og når vi klarer å få avklart kjem ballen veldig raskt i retur. Vi holder ut til 90 minutter er passert, men 2 minutter på overtid kjem Apollo gjennom på høgrekanten og får lagt inn framfor mål der ein Apollo spelar på bakerste kan sette ballen i mål bak Morten. Dermed endar det uavgjort 2-2 og Viggo tar sitt første poeng for sesongen. Men det er surt å berre å eit poeng når utligninga kjem så seint som den gjer.
Ser ein kampen under eit er det likevel greit med eit poeng til kvart lag.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com