Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

08-12-2007
Ingen fleire treningar iår


Har vore prøvd å køyre litt treningar etter sesongen, men har lite folk som har vore interessert i å delta og av den grunn er det no bestemt at det ikkje blir fleire treningar i 2007.

Vi kjem til å starte opp med faste treningar frå midten av januar 2008. Fotballkretsen har satt opp treningstider på Nymark som gjelder frå november-07 til april-08 og Viggo er der satt opp med halve bane 4 måndag og onsdag klokka 20:30. Dermed beholde vi same treningstida som vi har hatt heile hausten 2007.

Når det gjeld trenarspørsmålet er det ikkje noko som er endelig bestemt enda, men den sportslige ledelsen jobbar med fleire kandidatar og håpar å ha klar ei løysing før årsskifte. Det blir og jobba med å skaffe forsterkningar i spelarstallen. Ingen som var med i fjor har gitt beskjed om at dei ønskjer å gje seg, men vi ønskjer ein breiar stall enn i fjor. Skulle nokon vite om spelarar som har lyst å begynne i Viggo er det viktig å ta desse med på treningane når vi startar opp i januar.
 

<

Arkiv

>

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com