Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

05-03-2006
3-0 seier mot Skansemyren


Søndagens kamp enda med 3-0 seier til Viggo som dermed tok sin fjerde seier på rad i treningskampane.

Lagoppstilling (4-4-2):
                    Kristoffer
Christian - Ove - Knut M - Roger
Bobbo - Joakim - Svein - Bjarte
        Thomas - Børge
Innbytter:
Davd inn for Bobbo (i pausen)
Bobbo inn for Joakim (etter 60 minutt)

Mål:
1-0 - 31 min - Svein
2-0 - 40 min - Bjarte
3-0 - 85 min - Svein

Bana var overraskande bra etter snøfall natt til søndag. Kampen starta ganskee jamnt og det var ganske lite som skjedde i starten. Første som skaper litt action i kampen er Bobbo som er ueinig med dommaren om eit innkast og pratar elegant på seg eit gult kort. Ikkje lenge etter tar Bobbo ei takling bakifra og er på ballen. Dommaren blåser frispark og Bobbo er ganske nær rødt kort i denne situasjonen. Men heldigvis får vi forsette med 11 mann.
Viggo tar etterkvart over initiativet i kampen og styrer etterkvart det meste av det som skjer. Vi sliter med å skape sjanser og største sjansane kjem etter cornera. Christian har tre flott cornera fra venstre, dei to første blir heada like utanfor, før Svein svevar høgt over alle andre og styrer elegant inn 1-0 til Viggo.
Etter scoringa forsetter vi å presse og fem minutter før pause fører fint spel fra venstrekanten at Bjarte får ballen innanfor 16 meteren og han plasserer iskaldt ballen  forbi keeper til 2-0. Vi leder dermed fortent 2-0 til pause i ein omgang vi styrer ganske bra.
Andre omgang startar med at SBK skaper ein del farlige overganger. Vi blir litt passive i ein del dueller og gjer ting litt vanskelig som gjer at SBK vinner ballen i farlige situasjoner. Dei kjem ikkje til dei heilt store sjansane og Kristoffer ordnar flott opp i alt som kjem forbi forsvaret. Kampen blir dermed ståande og vippe litt i andre omgang, vi klarer ikkje å skape sjansane som gjer at vi kan avgjere kampen og SBK kjempar for å få ei redusering. Omlag fem minutter før slutt kjem målet som punkterer kampen. Svein styrer enkelt inn eit skudd fra David til 3-0 ledelse til Viggo. I slutt minutta får vi og fleire sjanser til å auke ledelsen enda meir, men klarer ikkje å omsette sjansane i mål.
Vi vinner tilslutt 3-0 etter ein ikkje altfor god kamp. Vi har spelt fleire kampar iår som har vore betydlig betre enn denne og vi må nok heve oss for å kunne slå Minde i kampen kommande fredag.

Z

Arkiv

[

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com