Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

12-02-2006
Seier mot Fjell-Kameratene


Søndagens kamp mot Fjellkameratene enda med 4-1 seier til Viggo.

Lagoppstilling (4-4-2):   
                        Morten
David   -    Ove    -     Knut M    -    Christer
Bobbo  -    Bjarte(cpt)  -  Halfdan    -    Vidar
                    Børge    -    Kjetil
Innbytter:
Christian inn  for Kjetil (i pausen)
(Christian inn på Høgreback, David fram på kant og Bobbo opp på topp)

Mål:
0-1 10 min - Bjarte (str)
0-2 30 min - Ove
1-2 80 min
1-3 86 min - Børge (str)
1-4 89 min - Vidar

Kampen startar med at Viggo er berre 11 mann klare på Stemnemyren, og ein del må spele i litt uvandte posisjoner. Men alle løyser oppgåvene sine veldig bra.
Vi startar kampen fint og tar initiativet fra starten og styrer det meste av det som skjer. Etter omlag ti minutter kjem Halfdan seg rundt på venstrekanten og skjærer inn i feltet og blir felt på vei mot mål. Dommaren blåser straffe som Bjarte setter sikkert i mål til 1-0 ledelse.
Etter scoringa forsetter vi å styre kampen og er flinke til å gjere ting enkelt og spele ballen langs bakken. Etter omlag ein halvtime har vi corner fra høgre som Vidar sler glimrande inn foran mål og Ove kan berre stange ballen bak keeper.
Etter målet holder vi oppe trykket og inn mot pause skapar vi fleire store sjansar som kunne blitt mål av. Fjell kjem rundt på kantane nokon gangar men får ikkje presisjon i pasningingane inn i feltet så dei blir ikkje spesielt farlige.
Andre omgang startar og med overtak til Viggo, men etterkvart kjem Fjell meir inn i kampen og tar over initiativet.
10 minutter før slutt får Fjell uttelling for presset sitt og får ei redusering etter fint spel. Etter målet vippar kampen veldig og begge lag jobbar bra. 5 minutter før slutt får Viggo ny straffe etter hands av Fjell, og Børge setter ballen sikkert i mål bak keeper.
Etter dette går lufta litt ut av Fjell og rett før slutt får Vidar god tid på lengste stolpe etter innlegg fra høgre. Vidar dempar ballen nydelig og sender ballen knallhardt i mål.

Viggo tar dermed sin 2.seier i vintercupen og har såvidt webansvarlig skjønner vunne turneringa før siste kamp mot Skansemyren. Uansett veldig positivt med nok ein seier og at vi spelar bra fotball med mykje fine kombinasjoner. Men viktig og beholde beina på jorda og jobbe knallhardt i treningane til veka.

Z

Arkiv

[

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com