Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

06-02-2006
Seier over Orion


Søndagens kamp mot Orion enda med 5-4 seier til Viggo etter ein spennande kamp på Krohnsminde. Litt usikker på målscorarar og kor tid måla kom så viss det skulle vere noke feil får folk gje beskjed.

Lagoppstilling: (4-4-2)
                Morten
Christian - Ove - Knut L - Helge
Bobbo - Bjarte (Kapt) - Svein - Christer
            Børge - Thomas

Innbyttere:
Vidar inn for Christer (i pausen)
Halfdan inn for Bobbo (i pausen)
Kjetil inn for Børge (i pausen)
Knut I inn for Thomas (i pausen)
John inn for Helge (i pausen)(Bjarte venstreback i 2.omgang)

Mål:
0-1 5 min
1-1 20 min – Børge
2-1 30 min – Bobbo
3-1 50 min – Knut I
3-2 65 min
3-3 66 min
3-4 69 min
4-4 80 min Knut I
5-4 85 min Knut I

Kampen start ikkje så bra for Viggo. Orion tok tidlig initiativet og tok ledelsen ganske tidlig. Orion spelar sler ei gjennombruddspasning mot høgrekanten, men Helge stoppar pasninga men er uheldig og ballen går rett i beina på Orion spissen som setter ballen kontrollert forbi Morten.
Men trass i det tidlige baklengsmålet forsetter vi med spelet vårt og tar etterkvart over styringa i kampen. Orion får ikkje spelet sitt til å sitte og blir tvungne til å slå mykje lange ballar i bakrommet.
Etter 20 minutter kjem Viggo ned på venstrekanten og får ballen inn i midten. Etter litt kriging inne i feltet setter Børge ballen heilt opp i hjørnet og utlignar til 1-1. Etter utligninga forsetter vi med spelet vårt og etter omlag ein halvtime kjem ballen igjen inn fra venstresida. Svein krigar godt og sler keeperen til Orion i lufta, og på stussen til Svein er Bobbo på plass og headar ballen i mål. Thomas var kanskje bort i denne før den gjekk inn, men uansett eit flott mål.

I pausen bytter vi 5 spelarar og omrokkerer litt på laget, men startar 2.omgang som vi avslutta 1. Ikkje lenge etter pause får vi resultater då Knut I setter inn sitt første for dagen. Vi forsetter å styre kampen etter dette og har bra kontroll på det meste fram til Orion får sin første?? corner i kampen etter 65 minutter. Dette startar 5 minutter med cornar galskap i Viggo forsvaret. Orion scorar på tre cornarar på 5 minutter og tar dermed ledelsen 4-3. Er vel heilt tydelig at dette er eit område vi kan forbedre oss i fram mot seriestart i april.
Vel etter dei tre raske måla er stemninga ganske dyster, men vi klarar likevel å heve oss og kjempe oss inn i kampen igjen. Og omlag 10 minutter før slutt får Knut I satt inn utligninga til 4-4 etter innlegg fra Vidar på venstrekanten. Og vi gir oss ikkje med det og forsetter køyret og får vinnarmålet 5 minutter seinare. Igjen er det Knut I som er sist på eit innlegg fra venstre.

Vi sikrar oss dermed seier over Orion, som vi i fjor tapte vi begge kampane mot. Tyder dermed på at vi er i god rute før sesongen, men det er no viktig å jobbe hardt vidare på trening. Ingen grunn til å ta av på grunn av seier i ein treningskamp i februar. Føler meg trygg på at når vi møter Orion igjen i serien seinare i år kjem dei til å framstå som eit mykje sterkare lag enn det vi såg denne kampen. Men jobbar vi hardt på treningane framover er det ingen grunn til at vi ikkje skal kunne slå dei i serien og.

Z

Arkiv

[

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com