Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

Vossatur 15.oktober

14-09-2005


Avslutningsturen etter sesongen til Voss blir i år fra 15. til 16.oktober. Avreise blir laurdag 15. med buss fra Bergen på morgonen (mellom 9 og 10). Framme på Voss blir det så intern turnering i fotball i idrettshallen der oppe. Etter dette er det innsjekk på Fleichers hyttene, før turen går vidare til peppes (eller dollys) for mat med tilhøyrande drikke. Så går turen vidare til ei tippesjappe før vi setter turen mot ein lokal pub for tippekamp.

Etter tippekampen er det tilbake til hyttene der det blir vorspiel, taler og eventuelt andre artige påfunn. Kvelden avsluttast så på ein uteplass på Voss (Dette brukar å bli på Pentagon).

Totalprisen for å vere med på turen blir rundt 500,- per spelar. Dette inkluderer då overnatting , buss opp og ned og leige av hall. Dei som ønsker å vere med må skunde seg å melde seg på til Pål slik at vi får bestillt overnatting til alle. Det er ingen grunn til å nøle med å melde seg på. Desse turane brukar å bli veldig artige opplevelsar.

 

ß

nyhetsindeks

à

 

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com