Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

Oppsummering av A-laget sin innsats

06-01-2005


Vi starta turneringa med kamp mot Arna Bjørnar 2, eit lag vi og skal møte i årets femte divisjon. Vi hadde berre sju spelarar for denne kampen sidan Erik og Mads måtte hjelpe til på kjøkkenet, og på slutten av kampen merka vi det. Men vi møtte eit klart bedre lag på dagen og tilslutt sto det 4-0 til Arna Bjørnar 2.

Neste kamp var mot Vestsiden, og nok ein gang møtte vi eit lag som var klart bedre enn oss på dagen. Og sjølv om vi i denne kampen stilte med alle som var med (9 stykker) vart det tilslutt 5-0 til Vestsiden.

Siste kampen i pulja var mot Vestkanten. Før den kampen sto begge laga med to tap og vi håpte før kampen og kunne redde litt av æren med ein seier i siste kamp. Men slik skulle det ikkje gå og det vart nok eit tap, denne gangen med 4-1. Dermed var vi utslått av vår eiga turnering før sluttspelet starta.

Spelarane som var med på turneringa var:

  • Morten
  • Helge
  • Ove J.
  • Knut L.
  • Erik E.
  • Børge
  • Bobbo
  • Petter
  • Mads

Laget vart gjennom heile turnering styrt av trenar Kjell Lygren.

 

nyhetsindeks

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com